For å endra tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Ressurssenter

Tre ting du bør vite om vårt ressurssenter

I Opero tilbyr me kompetansehevande arbeid. Me set krav til medarbeidarane våre, gjev råd og rettleiing, og arbeider målretta for å styrke jobb- og utdanningsmuligheitene til den einskilde medarbeidar.

 

Heilt konkret betyr dette at:  

 

  • Vår hovudmålsetnad er å legge til rette for at flest mogleg kjem ut i arbeid eller utdanning.
  • Me legg til rette for at kvar einskild arbeidstakar får arbeidsoppgåver som gjev auka kompetanse og erfaring.
  • Me samarbeider tett med NAV, fylkeskommunen, kommunane og næringslivet i vår region.

 

 

Når du kjem til oss

Vert du ynskt velkomen av ein av våre avdelingsleiarar eller rettleiarar som informerer om vår verksemd, kva me gjer og kva me tilbyr. Ved tilsetjing får du utlevert vår personalhandbok som mellom anna inneheld arbeidsreglement, permisjonsreglement og etiske retningsliner.

Du får i samtalen også naudsynt informasjon om lønn, arbeidstid, bedriftshelseteneste m.m.

Arbeidsmuligheter