Me er stolte av å vera ei bedrift som skil seg ut i mengda, og har som målsetnad å ta neste steg saman med våre medarbeidarar.
Kunde
Kva kan me gjera for deg?
Få bedrifter kan vise til eit slikt spenn i produkt og tenester som Opero. Hos oss finn du harde metall, gode smakar, mjuke verdiar, og medarbeidarar på veg mot nye mål.
Du har kanskje ulike spørsmål knytt til våre produkt og tenester. Ein god del info om dette finn du her på nettstaden vår. Andre ting informerer og fortel me gjerne om. Ta direkte kontakt med oss så finn me løysingar knytt til dine behov.
Jobbsøkar
Er du klar for nye oppgåver?
I Opero får du høve til å utfordre deg sjølv på nye områder. Du får høve til å lære nye ting som styrkar dine moglegheiter i arbeidslivet. Det er vårt ønske at du du vil finna deg til rette og trivast ved bedrifta i den perioden du er hos oss.
Gjennom rettleiing og opplæring, samt metode for å belyse dine ressursar vil du får bistand på vegen tilbake, der dialog, tryggleik og oppfølging er nøkkelord. Me har fokus på aktivitet, utdanning og jobb, men gløymer ikkje å ta vare på heile menneske og livskvaliteten.
NAV-tilsett
Opero er ei inkluderande arbeidslivsverksemd lokalisert på Heiane på Stord. Rekruttering til verksemda og formidling til anna arbeid skjer i nært samarbeid med NAV. Me har sjølv hovudansvaret for formidling av eigne tilsette.
Kontakt oss
Du er velkomen til å ta direkte kontakt med ein av våre rettleiarar for meir informasjon.
Å hjelpe folk tilbake i jobb har vært ei viktig oppgåve for Opero sidan oppstart i 1978. Me jobbe for å skape arbeidsinkludering, og veit at nye, gode og lojale ressursar ikkje kan plukkast ut av søknadsbunkane fordi CV-en kan vera holete og kanskje ikkje er heilt oppdatert. Me ynskjer at menneske med ekstra ressursar skal brukast i samfunnet vårt og legg til rette for at fleire kan være i jobb.