Sjukemelde og/eller personar som har fått arbeidsevna si nedsett på ein slik måte
at vedkomande er hindra i å behalda eller skaffe inntektsgivande arbeid.
Arbeidsretta rehabilitering skal styrka den enkelte si arbeidsevne og
bidra til meistring av arbeidsrelatert, helserelaterte og sosiale problem som er til hinder for deltaking i arbeidslivet. Målet med tiltaket er at deltakar skal koma i eller forbli i arbeid.
Tilbodet skal bistå kandidatar med å finne strategiar
for å fungere i arbeidslivet til trass for sjukdom og/eller skade.
Me har arbeidsfokus frå fyrste dag, og vektlegg moglegheiter framfor hindringar.
Vårt tilbod inneheld aktivitetar som basert på erfaring– og
forsking syner at kan styrke den enkelte sine ressursar og arbeidsevne. Deltakar får ein fast jobbkonsulent som føl opp og rettleier deltakar gjennom hele tiltaket.
Deltakar vil være aktivt involvert i å utarbeide ein
skreddersydd aktivitetsplan for perioden i arbeidsretta rehabilitering saman med sin jobbkonsulent.
Aktivitetsplanen beskriv deltakars mål for tiltaket,
deltaking i ulike helsefremjande aktivitetar og opptrappingsplan for arbeid.
• Individuelle veiledningssamtaler
• Arbeid hos eigen arbeidsgjevar med oppfølging
• Arbeidsplassvurdering
• Arbeidsutprøving i anna ordinær verksemd
• Karriererettleiing
• Jobbsøkarkurs
• Strukturert individuell arbeidsevnevurdering (SIA)
Fysisk aktivitet/kosthald
• Rørsletrening, rettleiing- og smerteførebygging,
sirkeltrening, tilrettelagt treningsprogram og turgruppe.
Kognitive prosesser
• Kurs i Stress- og belastningsmeistring,
samtalegruppe og mindfulness.
• Individuell rettleiing med fysioterapeut,
ergoterapeut eller andre fagpersonar.
Aktivitetane kan føregå både individuelt og i gruppe.
Når tiltaket er slutt vert det utarbeidd ein sluttrapport som svarar bestillinga til Nav.
Den beskriv målsettinga,gjennomførte aktivitetar og oppnådde resultat.
Sluttrapporten inneheld og ei anbefaling og/eller ein plan for vidare oppfølging
for å få eller behalde arbeid.
Jobbkonsulentane som jobbar i arbeidsretta rehabilitering,
har lang erfaring med arbeidsretta tiltak og karriererettleiing.
Har du spørsmål vedrørande arbeidsretta rehabilitering,
ta kontakt med Nichlas Jensen eller Sissel K. Gravdal for meir informasjon.