Arbeidsførebuande Trening (AFT)

Gjennom tett samarbeid med NAV tilbyr me arbeidsretta tenester
der målet er å styrke og gi menneske moglegheit for arbeid og utdanning.

Føremål

Arbeidsførebuande trening (AFT) skal bidra til at deltakarar får prøve ut arbeidsevne og styrke moglegheitene for å få eit ordinært arbeid. Målet er å formidla menneske til arbeid og/eller utdanning. Opero kan tilby tett oppfølging og tilrettelegging med sikte på å koma i arbeid.

Målgruppe: AFT er eit yrkesretta tilbod for personar som har utfordringar knytt til helse, sosiale vanskar, rus, ofte i kombinasjon med mangelfull utdanning og lite arbeidserfaring.  

Tiltaket skal gi eit tilbod til personar med nedsett arbeidsevne og samansette bistandsbehov, og med usikre yrkesmessige forutsetningar. 

Gjennomføring: Det vert gjennomført avklarande og arbeidsførebuande aktivitetar før utprøving i ordinært arbeidsliv.  Deltakar kan ha individuelle behov for å kombinere ulike element og aktivitetar i tiltaket.  

I fyrste del av tiltaksperioden har ein fokus på å kartlegge deltakar sin no-situasjon. Basert på NAV sin bestilling, anna relevant informasjon  og samtalar, dannar dette grunnlag for å utarbeide ein aktvitetsplan med individuelle behov og skreddarsydde aktivitetar.  

Deltakar skal aktivt delta i utarbeiding av denne planen, som er eit styringsdokument for å sikre individuell og tilrettelagt gjennomføring av aktivitetar etter behov.

Tiltaksløpet er ofte inndelt i ulike fasar: 

Avklaring av ressursar og yrkesmål 
Kartlegge interesser gjennom rettleiing, karriereferdigheiter, motivasjon, meistring og arbeidslivskompetanse

Arbeidsutprøving i skjerma og tilrettelagt arbeidsmiljø
 Få prøve ut arbeidsevne, stabilitet, interesser, uthaldenheit og kapasitet, jmfr. aktivitetsplan

Arbeidsutprøving i ordinært arbeidsliv 
Få bistand til å finne ein arbeidspraksis hjå ordinær arbeidsgjevar.
Jobbsøkaraktvitetar som CV, jobbsøknad og intervjutrening.
Målet kan vera opplæring og vidare lærelaup/utdanning.

Tilrettelagt opplæring med mål om reell og formell kompetanse
Kartlegge basiskompetanse, gjennomføre
 

Deltakar får ein fast Jobbkonsulent som føl opp og rettleiar gjennom heile tiltaksperioden.  

Deltaking i AFT skal vera minimum 50 prosent.
NAV kan gjera ei individuell vurdering om at deltakar kan starte i lågare stillingsprosent, men då med ein plan om opptrapping innan kort tid. 

Deltakarane  i AFT skal som hovudregel følgje det same arbeidsreglementet som gjeld i ordinært arbeidsliv.
Dette gjeld t.d. melding om fråvær. Fråværet skal meldast til jobbkonsulent og/eller arbeidsgjevar/praksisstad same dag.
Fråværet skal dokumenterast med eigenmelding eller sjukemelding. 
 

Alt fravær, dokumentert og udokumentert, vil bli rapportert til NAV.

Kvar tredje måned vert det sendt ein statusrapport til NAV rettleiar om korleis deltakar fungerer, progresjon i høve aktvitetsplan og mål deltakar har for neste periode.  

Når tiltaket vert avslutta, vert det skrive ein sluttrapport til NAV som gir ei grundig vurdering av deltakar si arbeidsevne, progresjon i tiltaket, moglegheiter på arbeidsmarknaden og eventuelle andre behov deltakar har for bistand, for å få eller beholde arbeid. 

Det er kontinuerleg inntak i AFT.