Avklaring

Kartlegge menneske si arbeidsevne,
samt vurdere behov for bistand der målet er få og behalda jobb eller utdanning.

Føremål

Målgruppe: Personar med både moderate og omfattande bistandsbehov som har behov for meir omfattende avklaringsbistand enn den NAV kan tilby. Dette kan omfatte arbeidssøkarar, sjukemelde og personar med nedsett arbeidsevne. 

Gjennomføring: Avklaring gir ei individuell og systematisk kartlegging av deltakar si arbeidsevne, samt vurdering av behov for ytterlegere bistand for å få eller behalde arbeid. Ved å delta i tiltaket får deltakar auka innsikt  i eigne ressursar og ferdigheitar i høve til jobb. 

I starten av tiltaket vert deltakar sin nosituasjon kartlagt, basert på Nav si bestilling, relevant dokumentasjon og samtalar med deltakar. Dette dannar grunnlag for å utarbeide ein aktivitetsplan som inneheld dei avklaringsaktivitetane som deltakar skal gjennomføre i tiltaket. Deltakar er aktivt involvert i å utarbeide planen, noko som sikrar at innhaldet i tiltaket vert skreddarsydd i høve til deltakar sine behov.   

Aktivitetane i tiltaket er valt ut med tanke på å avklare kva som skal til for å auke arbeidsdeltaking. Aktivitetane skal gi deltakar auka kunnskap om arbeidsmarknaden og ulike yrke, samt gi auka innsikt i eigne ferdigheiter, kunnskapar, erfaringar og interesse knytt til arbeidsdeltaking.

Tiltaket vil i hovudsak bestå av individuelle aktivitetar, slik som samtalar med rettleiar, interessekartlegging,  karriererettleiing, eigenaktivitet og arbeidsutprøving. I Avklaring tilbyr me arbeidsutprøving i en ordinær bedrift. Val av bedrift vert gjort saman med deltakar, og baserer seg på deltakar sitt avklaringsbehov. 

Som eit supplement til arbeidsutprøving i ordinær bedrift tilbyr me utprøving av arbeidsevne gjennom SIA-metoden. SIA står for Strukturert Individuell Arbeidsevneutredning. SIA-metoden består blant anna av tidsavgrensa oppgåver som kartlegg aspekt og ressursar knytt til arbeidsevne. SIA-metoden er hensiktsmessig å nytte for å avklara arbeidsevne og val av yrkesmål for deltakarar med helsemessige eller kognitive utfordringar. SIA-metoden kan nyttast som einaste metode for utprøving av arbeidsevne for deltakarar som ikkje kan gjennomføre arbeidsutprøving i ei ordinær bedrift, for eksempel deltakarar med svært nedsett funksjonsevne. 

 

Andre tilbod som vert gitt i avklaringstiltaket er  

  • Gruppeaktivitetar 
  • Jobbsøkaraktivitetar 
  • Arbeidslivskompetanse 
  • Interessekartlegging 


Når tiltaket er slutt vert det skrive ein rapport til NAV. Denne rapporten gir ei grundig vurdering av deltakar si arbeidsevne, moglegheiter på arbeidsmarknaden, og eventuelle andre behov for bistand for å få eller behalda arbeid.
 

Har du spørsmål vedrørande Avklaring ta kontakt
med avdelingsleiar Randi Leth Iversen på telefon 97037601. 

Randi Leth Iversen

Avdelingsleiar jobb og kompetanse

97 03 76 01
randi.leth.iversen@opero.no